Bygdemuseum

Museumet ligg i andre og tredje etasje i Undheim Samfunnshus. Det er delt inn i ei rekkje husrom som er møblerte og inneheld gjenstandar samt reiskapar med tilknytning til kvart rom: stove, soverom, kammers, vaskerom o.s.v.

Det er og ei krambuavdeling og ei skuleavdeling. I tredje etasje er det utstilling av større reiskap frå jordbruket, vognar samt anna større utstyr knytta til gardsdrift.

Samlinga inneheld meir enn to tusen gjenstandar, med hovudvikt på bondesamfunnet frå 1800- samt 1900-talet. Time Kommune er eigar og forvaltar
av anlegga.

Time Bygdemuseum er ope ein søndag i månaden, dei same søndagane det er kafeteria på Samfunnshuset.

Opningstida er då 12-15.30.
Gratis inngang.
Det er mogleg å bestilla formidlingar gjennom heile året.

Organisering av besøk, formidlingar o.s.v. skjer gjennom:

Time Kommune avd./Samfunn/Kulturvern
Postboks 38
4349 Bryne

Telefon: 51 77 60 00
Faks: 51 48 15 00
E-post: postmottak@time.kommune.no

Fotograf: Sigbjørn Reime